Side:Garborg - Den Burtkomne Messias.djvu/9

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest


Dei tvo-tri Teologane som hev skrivi um Boki mi, dei segjer ærlegt og beint, at med den nytestamentlege („halve“) Jesus kann me ikkje klara oss. Sume av deim vonar endaa med kristeleg Broderkjærleike, at eg sjølv med Tidi vil koma etter det, so at eg ikkje lenger vil tru at me kann klara oss med det nye Testamente.

Teologane elles tegjer. Det er ikkje greidt. Dei fleste av deim hev vel gløymt at der er noko som heiter aa tenkje; og dei som ikkje hev naatt so langt, dei strævar med aa gløyme det. Kva skal dei gjera? Dei er eidsvorne. Dei hev forsvori seg paa, at dei ikkje skal koma innpaa andre Tankar um religiøse Ting enn dei som dei hadde daa dei var ferduge med Eksamen. So er dei nøydde til aa stengje seg av so godt som dei kann; der er inga Raad med det.

Den kongelege norske Kulturstaten finn seg i dette. Staten treng Kyrkja; og Kyrkja treng Tenarar som er aandeleg nundne; kor skal ein av? Naar Staten ikkje vaagar so mykje som det dei kristne Grunnleggjarane av United States vaaga for tvo hundrar Aar sidan: aa skilja Kyrkja fraa Staten, — kor skal ein daa av?

Men det er fælt, det er villt aa halde denne Skipnaden uppe. Og me kjem vel so langt ein Gong, at han ryk, fær ein tru. Det vil