Side:Garborg - Burtkomne Faderen.djvu/89

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent
87

eg hev tenkt; og der er noko i Augo hans, og um Panna, og i dei sterke faste Drag, som sagde meg, at han hev ofra Live.

Og han vart noko nytt for meg. Noko høgtidsamt. Ein Mann fraa ei større Tid; eit Menneske som lever Live paa Aalvor.

XXXVII.

«Ja,» segjer Bror min, «sann er den gamle Tanken at jordi er Helheimen.

Her brenn Elden som ikkje sloknar; her gneg Ormen som aldri døyr. Men Elden heiter Hât; og Namne paa Ormen er Hugverk.

Sjølve er me Sjælerne som brenn. Den blaa Logen stend av oss i vonde Gjerningar og ut or Halsen paa oss i Eidar og vonde Ord.