Side:Garborg - Burtkomne Faderen.djvu/90

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent


Og sjølve er me Djevlarne som piner. Ved ber me kvar til annans Baal. Og me klyper kvarandre med gloande Tenger. Og svider kvarandre med Jarni raude. Og Gneistar fræser me i Syni paa kvarandre, og sputtar Eiter.

Men sant er det og, at Jordi er Guds Rike. Faae finn det; for Vegen er smal og Porten trong. Og uppyvi Døri lyser Krossen med Innskrift av Eld: ver lydig til Dauden. Men dei som finn det, kjennar det. Og dei segjer: fro den Sæla Skuld, som me her fann, var Verdi ikkje for mykje paakosta.

Men mange naar korkje Himmel eller Hel. For desse er Jordi ein Huldreheim. Der lever dei paa Mus og Frosk og vert feite, og sankar Smaastein og Mỳk og trur det er Gull. Og dei bind seg Kransar av visna Lauv og skjer seg Stavar av morken Ved, og klunkar paa Tarm-