Side:Garborg - Burtkomne Faderen.djvu/81

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent

Glede og fyller kvar Stund av vaart Liv med sin stille Fest, den hadde du. Og den var deg Like for alt, so at um du hadde det aldri so vondt, so vilde du endaa leva. For um me kjenner Live som Liding eller som Lyst, so vert det ein liten Ting mot Livskjensla.

Difor skal du vera fornøgd med det du hev havt og enno hev; for endaa naar du er sjuk, vil du leva. Njota Live var ditt Livsmaal, og det hev du gjort. Og den som nyt Live skal ikkje samstundes venta noko att for det. Du er Bonde og veit, at det vert ikkje Smør av uppdrukken Rjome.»

XXXIV.

«Meisteren hev sine Sveinar i alle Kyrkjur og Kyrkjelag, men er ikkje allstad like lett aa finna. Her