Side:Garborg - Burtkomne Faderen.djvu/80

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent


«Ein fær ikkje Ro til aa leva,» knurrar eg. «Det gjeng upp i Mas. Livsraadi maa ein vinna, so ein kann vera trygg; av Live fær ein berre ein Jafs so i Millomstunder. Og naar Livsraadi er vunni, so er Livskrafti øydd.»

«Menneskje hev gløymt aa leva,» segjer han. «Live skulde vera Kunst, men hev vorte Handel. Dei set sitt Livs Meining ikkje i Arbeide, men i det dei kann faa for Arbeide; og Livskunsten er aa snyta til seg den største Vinning for det minste Vederlag. Og Live vert ikkje Skaparglede og Arbeidsro, men eit endelaust Jag; for livsmeining og Sjælefred kann ein korkje kjøpa eller snyta seg til; og alt det ein vinn vert for lite. Og i Staden for Lykke lyt dei nøgja seg med Moro.

Men Livskjensla hadde du, Bror. Denne tirande Gneisten, som ligg oss i Barmen og gløder i Sorg som i