Side:Garborg - Burtkomne Faderen.djvu/78

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent

trøysta deg. For eg kjenner deg og hev vondt av deg, og veit at du treng Trøyst, og at du elles inga fær. Gjev eg kunde leika deg i Logn og kjæla deg trygg, du arme skræmde Fugl!

Stakkar, som du skjelv; stakkar, som du er rusken og avplukka. Du flaug for mykje. Du kunde ikkje sitja i Ro. Ein gamall Sol-Draum drog deg; du maatte upp og ut og leita og sjaa. Heil Hugnad vilde du hava; og du søkte vidt og fór høgt og laagt. Men alltid stengde Skyer og Fjell; og Haukar og hakkande Klør var etter deg.

Ikkje skjelv. Ikkje ver rædd. Eg var vond med deg; eg tenkte for lite paa deg; no ligg du der broten og arm, og hev misst Vengefjørerne. Men kvil deg no. Den Soli du drøymde um dreg deg vel til seg ein Gong; um ikkje fyrr, so i dine siste Draumar.