Side:Garborg - Burtkomne Faderen.djvu/77

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent
75
XXXII.


«Sjæli.» Han talar so lett um Sjæli. Veit han ikkje, at eit Menneskje er ein Samvokster, ei Uppdyngjing av Cellur, ein Cellestat, og at kvar Celle hev si Sjæl? Vaar Sjæl er berre Samspele av desse Cellesjæler.

Men ein kjem vel like langt med alle vaare Ord. Me kann segja um Sjæli kva me vil; ho lever sitt same Liv der inne for det; og Spursmaale døyr ikkje.

Denne Uro, denne Gløding, dette som bivrar og brenn og skjelv og skyt Gneistar og sejer «eg» ende inn i Dauden, det er Sjæli, kva me so kallar ho.

Aa du mi arme Sjæl, som veld meg all denne Verk og Brand. Gjev eg kunde taka deg inn til meg som ein Sjuk Fugl og kjæla for deg og