Side:Garborg - Burtkomne Faderen.djvu/73

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent

kjende at eg lika dette. Daa vakna eg og saag meg ikring. Og eg saag at det spøkte for meg. Daa reiv eg meg laus. Men eg var fjamsen og uppskræmd og fann kje den rette Maaten.»

«Vedgjeng du det, Paal?»

«Den vinstre Hand skal kje vita kva den høgre gjer; men dette vart der Staak av. Det kom ut yvi alle Bygder; eg vart til ei Bisn; og det eg hadde gjort vart rangtydt og gjorde vondt. Sjølve Gaava mi hev gjort vondt.»

«Segjer du det.»

«Pengar gjer altid vondt. Gaava og Gjevaren maa ikkje skiljast. Kassehjelp gjer Fatigmann til Herk, det same korleis ein steller seg. Gaava mi vart til ei Kasse; og dei som fekk Hjelp tok Hjelpi som ein Rett og knurra for dei ikkje fekk meir; men dei som ikkje fekk, hata og harma seg. Og ikkje Kjærleike men Ovund grodde etter Gaava.»