Side:Garborg - Burtkomne Faderen.djvu/74

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent


Han var vorten aalvorsam. Men so smilte han. «Altid paa nytt maa ein læra og læra. Av kvart Mistak veks det Visdom; og av Synderne sine maa ein byggja seg Troppestig; for det er høgt upp.»

«Men,» sagde eg; «er det kje du som lærer at me skal vera fullkomne?»

Han smilte. «Viljen vaar maa vera heil.»

Eg tenkte med meg: ein slepp nok ikkje fraa han med aa kalla han galen.

XXXI

Eg spør um det er sant at han kann lækja Sjukdomar. Nei, segjer han.

Eg held fram.

«Dei fortel, at du fer med aa beda for sjuke og leggja Henderne paa dei. Eg vil segja deg beint ut: eg likar ikkje slikt!»