Side:Garborg - Burtkomne Faderen.djvu/58

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent

er ein Dròpe; kven bryr seg um Dròpen?

Men er det ein som hev noko aa krevja, so lat han melda seg. Lat han stiga fram og provfesta sine Krav. Eg tek gjerne min Dom, berre alt gjeng rett til, og eg fær Greide paa, kven eg hev med aa gjera.

XXV.

Synd?

Aa ja du arme Far. Som fylgjer meg all Tid, i Dags Tanke, i Nattedraum. Ja, eg veit det.

Men eg var for ung. Eg visste ikkje at eit Hjarta kan lida so. Eg visste ikkje, at ein Mann kann døy av Hugsótt. No veit eg det. Er det mi Skuld at det er for seint?

Og du, Anny. Som reis upp so bleik og gjekk. Med Taarer som rann.