Side:Garborg - Burtkomne Faderen.djvu/59

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent

Og det eine stille Ord Farvel. Og sidan let deg banka ihel av ein cowboy.

Eg veit det, Anny; eg veit det. Eg hev trega det saart, so mang ein vond Dag. Men kva hjelper det aa trega?

Hu, der er dei. Dei vil fram. Dei trengjer seg hit. Blodøygde, bleike. Hyss; dei murrar; dei stirer; dei lyfter Henderne mot Himmelen. I Jesu Namn; eg kann ikkje hjelpa dykk; burt! Det var ikkje mi Skuld. Eg gjorde som eg maatte. Verdi var slik. Meg og mine maatte eg tenkja paa; kva skulde eg gjera? Hadde eg vore den veikaste, so hadde De gjort det same med meg.

Daa tagnar dei. Dei veit det. Dei veit at det er sant. Dei sig inn i sine Skuggar.

Men dei kjem att. Kor skal eg gøyma meg og gjera av meg. Hu, desse Mødrarne, svartklædde, saargrétne, med blaasvelte Ungar. Og der