Side:Garborg - Burtkomne Faderen.djvu/34

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent

paa den magre Heid. Som Halm og Hakk mot Live det grøne.

Eg vert sitjande og spinn Tankar som Kingelen sin Vev. Men sjølv vert eg hangande i Veven. So vaknar eg av Hjarta mitt, som rykkjer og riv. Daa tek eg Boki upp. Kann ho kje vekkja Tankar, so hender det at ho kann svæva dei.

Og eg sender ein Takk til dei som skriv Bøker.


XIV.


Gjev eg hadde ein aa beda til um Næterne.

For Notti er lang og myrk. Og naar eg ligg her vaken og vrid meg under framand Manns Tak, er eg rædd, for eg er aaleine.

Og Sjukdomen brenn og Hjarta skjelv. Og ute er det stengt, og