Side:Garborg - Burtkomne Faderen.djvu/119

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent

til Slutt ei Etterskrift med ei framand Hand; ho lyder so:

«Ein Vaardag var det so klaart og vent: Gunnar klædde seg og gjekk ut; for han sagde: det skal gjera meg godt for min Hovdeverk. Og naar eg fær drikka Sol og Luft, so vert eg snart god att.

Det ser ut til at han hev vilja stavra seg upp paa Bakken der Varden stend. Men han kom ikkje so langt. Noko etter midveges hev han sìgi ned. Og han hev kje vunne seg upp att. Daa han vart funnen og innbòren, sansa han seg ikkje. Natti etter døydde han.

Fred med dit Støv.»

*

Han fekk liggja i den Kraai han hadde set seg ut. Paa Gravbakken vart dette songi:

Her vil eg kvila fraa Storm og Strid,
kvila fraa Sut og Ankar,
sova i Ro til Herrens Tid,
trygg for dei rædde Tankar.
Ende ho hev, den Vandring lang;
legg meg stillt i Jordi sitt Fang!
God som ei Mor ho gøymer
Baane som svevnsælt drøymer.

Legg meg stillt i den djupe Grav!
Mild ho den mødde fagnar.