Side:Garborg - Burtkomne Faderen.djvu/118

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent

mot din Fiende, vil du kje hata han lenger.»

Men dei eg hev synda imot og ikkje lenger kann naa, paa deira Vegner tilgjev Bror min meg i Guds Namn, so sant som eg sjølv tilgjev, og so sant som eg viljugt ber mi Refsing.

Og den store Tyngdi sig av meg, og eg andar friare.

Og no kjem Vaaren med Sol og linn Luft. Og alt Liv vaknar. Eg fær Mod og vert glad. No, daa eg hev funne ein god Bror, hev eg meir aa staa imot med.

Kunde eg faa leva nokra Aar til, og leva eit nytt Liv, so trur eg enno eg kunde finna Faderen.

IL.
(Etterskrift).

I den Dagboki, som det meste av dette er plukka ut or eller tilstellt etter, kjem det