Side:Garborg - Burtkomne Faderen.djvu/109

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent

med fredsame Ord og hjelpande Hender.

Lat Svermarar og Leigesveinar preika Serleg og Avstengjing og den rette Tru! Den rette Tru avlar Hat og Mord; det rette Liv byggjer Guds Rike.

Men dei ovundsame, dei som elskar Verdi og friar og fær nei, lat dei preika Hat til Verdi! Løyste og lyfte yvi Verdi og alle hennar Vinningar og Tap skal me staa, og soleis frigjorde fraa Verdi elska Verdi, som ei Gaave og ein Rikdom til aa gjera vèl med, og eit Yrkje til aa byggja av, byggja oss Fredheimar og Høgheimar; og sjølve Live vaart skal me leggja i den høgste Hand, at me ikkje lenger ska vera bundne av Rædsle for Dauden.

Men vaar Kraft hev me i Gud, som er det innste i oss sjølve, Sjæli i vaar Sjæl, Domaren, som alltid hev vaart Helvite kveikt for det ureine i