Side:Garborg - Burtkomne Faderen.djvu/108

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent


«Ja den nye Hugen maa til,» svara han, «den heile og den reine.»

XLV.

Eg spør han um han finn Samanheng i Skrifterne. Han svarar:

«Ikkje ein Filosofi lærde Meisteren oss, men ein Livskunst. Han kom kje med Nytt til dei forvitne, men med Lækjedom til dei sjuke; og han stifta ikkje ei Sekt, men viste oss ein Veg. Den Vegen er grei, naar ein vil finna Veg; men vil du finna ei Lærebygning, maa du laga ho sjølv, liksom Teologarne.

Lat Munkarne slaast um Gjerningar og Tru! Me trur Meisteren, og gjer som han gjorde. Lat Drøymarar tvista um Himmel og Hel! Me byggjer Guds Rike av Kjærleik og Fred; og Helvite sløkkjer me so langt me rekk