Side:Fyregangsmannen.djvu/3

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest
Bøn.

Herre Jesus Kristus! me koma til deg og beda deg um din Naade. Me trenga so hardt til honom, for me er inkje, som me skulde vera. Me skulde tru, og me tru altfor litet; me skulde vera heilage, og me er alt annat; me skulde ganga den tronge Stigen, som ber til Himmelen, og me ganga so mange den breide Vegen, som ber til Helvite. So er det nog Naudtorv til, at Johannes Døypar kjem imot oss med Krossen sin og segjer: vend um, vend um, her er inkje Frelse at finne denne Vegen! At me daa vilde lyda etter dette Aalvorsordet hans, at me maatte skyna, me endaa trenga Ordet um Bot og Bøn, at me endaa trenga, at ein syner oss Vegen, og gjev me daa alle i Hop maatte koma til deg Herre Kristus, og audmjuke segja som Petrus: „Herre! kven skulo me ganga til, du heve det evenlege Livsens Ord.“[1] Amen!

Tekst.
Math. 11, 2—11.

„Men daa Johannes høyrde i Frengslet Kristi Gjerningar, sende han Bod med Læresveinom sine og sagde til honom: er du den, som koma skal, elder skulo me venta nokon annan? Og Jesus svarad og sagde til deim: Gange burt og kunngjere Johannes det, som de høyra og sjaa: blinde sjaa, og halte ganga; spitelske verda reinskade, og dauve høyra; daude standa upp, og fatige faa høyra Evan-

  1. Joh. 6, 68.