Side:Fyregangsmannen.djvu/4

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

gelium. Og sæl er den, som inkje støyter seg paaa meg. Men daa desse vaaro burtgjengne, tok Jesus til at tala til Folkehopen um Johannes: kvat gingo de ut i Øydemarki til at skoda? ei Røyr, som rigar fyre Vinden? elder kvat gingo de til at sjaa? ein Mann klædd i sine Klæde? sjaa dei, som vera fine Klæde ero i Kongsfardom. Elder kvat gingo de til at sjaa? ein Profet? ja eg segjer dykker, myket meir enn ein Profet. For denne er det, som det er skrivet um: sjaa eg sender Engelen min fyre Andlitet ditt, og han skal jamna Vegen din framfyre deg. Sannelega, eg segjer dykker, av deim, som ero fødde av Kvinnor, er ingen større uppstaden enn Johannes Døypar; men den minste i Himmeriket er større enn han.“

Brøder og Syster i Kristo Jesu, vaar herre! Naade vere med dykker og Fred fraa Gud vaar Fader og den Herre Jesu Kristo!

Me skal i Dag festa Augat paa Johannes Døypar, han Fyregangsmannen, som Kristus talar um: „sannelega, eg segjer dykker, av deim, som ero fødde av Kvinnor, er ingen større uppstaden enn Johannes Døypar“. Det var vel stort Ord at høyra detta og sagt av Gud sjølv. So var det fulla sant, for Gud kan inkje taka i Mist. Johannes Døypar var største Mannen paa Jordarike, likefraa Adam til honom, som stod og talad desse Ordi. Noa, den rettvise, Abraham, Guds Vin, Moses, den megtuge Mannen, som førde Jødafolket fraa Trælalandet til Fridomslandet, David, Kongen etter Guds