Side:Fylgjesvennen.djvu/21

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

dei ropad: „ditt Blod kome yver oss og yver Borni vaare!“[1] og det er denne same Bloddom, som alle vantrue nedbeda paa seg, Domen som skrik ifraa Kristi Blod og fraa Blodet til alle dei heilage, som Utrui heve tynt. Og vidare skal Straffi verda lesi: „Dykkar Hus skal verda lagt i Øyde.“ Liksom det inkje vardt Stein paa Stein atter av Jødagudshuset i Jerusalem, so skal dykkar Gudshus, dykkar Hjarta verda lagt i Øyde, Gud skal vilja burt fraa dykkar, um de so enn utvertes synast hava det godt. Men liksom Banningi paa Jødarne inkje skal vara til evenleg Tid, men dei skal sjaa Herren og Meistren sin koma atter, inkje som fyrr audmjukt ridande paa Æslet, men i Kraft og Æreglans i Skyerna, daa naar dei umvenda seg og segja: „velsignad vera han, som kjem i Herrens Namn;“ soleides skal og de, naar de umvenda dykker og segja av Hjartat: „velsignad vere han, som kjem i Herrens Namn,“[2] strakst faa sjaa Jesum koma til dykker med sin rike Naade og gjera dykker føre til ein Gong at samnast med honom i høge Himmelsheimen.

Herre Jesus Kristus! so lat oss daa velsigna deg, velsigna kvar den, som kjem i ditt Namn. Lat oss verda rette Vitne, som Stefanus var det, i Rikdom, i Lukka, i Gleda, i Naud, i Faare, i Trengsla. Ja um me so sat i djupaste Myrkr, i vesalste Usseldom, hadde tapt alt og vonad inkje, so lat oss likavel kunna syngja med Fatigmannen:

Aa Herre Jesus, i din Famn
det er so godt at kvila,
her er so myrkt, eg ser ei Hamn,
men eg paa deg vil stila;
den saare Foten snaudt meg ber,
du vil meg taka kor som er,

  1. Mt. 27, 25.
  2. Mt. 23, 38.