Side:Fylgjesvennen.djvu/20

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

men me kann det, som kjem paa eit ut, svivyrda deim, reka deim fraa oss, vera deim ulyduge og tidt og ofta spilla deira gode Namn ved skamlaus Snakk. „Men“ — kann de segja — „me hava inkje set nokon Profet elder Skrivtklok, som er send til oss?“ „Jau det hava de,“ vil so eg svara. „Det stend paa Preikestolem um Sundagarne ein Mann, som talar Gudsordet til dykker med Maning og Bøn, — sjaa han er ein skrivtklok. Han talar inkje sitt eiget men Herren sitt, han gjev inkje av sine eigne Naadesgaavor men av Herren sine. Han kann vera veik og hava liten Givnad og høva litet til Folket, men so kann han likavel vera til Velsigning, av di han byd fram Herren sine Naadesgaavor og inkje sine eigne.“

Og so hava vel flestalle i Stova si ei Bibelbok elder nytt Testamente — sjaa dei er Herrens livande Profetar, som tala hans guddomlege Ord skirt og reint, soleides som han sjølv talad det, daa hann gjekk hernede. Ja her ropar og lokkar han meir kjærlegt enn den kjærlegaste Fader. Han opnar Dyri fyre alle, den ringaste som den rikaste, for han segjer: „Gud vil, at alle skulo verda frelste,“[1] og „kom til meg allle som slita og ero tyngde, og eg vil gjeva dykker Kvila.“[2] Men agta dykker, at inkje Herren skal segja til dykker som til Jerusalem: „kor ofta heve eg viljat samna Borni dine likasom ei Høna samnar Ungarne under Vengjorna sine og de vilja inkje.“ Ja det er Orsaki. De vilja inkje. Gud heve inkje voret lika sæl, han lokkar og dreg i eit standande likatil det sidste Andadraget dykkar, men — de vilja inkje, de vilja inkje høyra Bøni, lyda paa Ropet, de er trege, kalde. Difyre lyt og Domen verda lesen yver deim, som detta høver paa: „alt rettferdigt Blod, som er uthellt paa Jordi skal koma yver dykker.“ Det vantrue Jødar bad Bloddomen ned yver seg sjølve, daa

  1. 1 Tim. 2, 4.
  2. Mt. 11, 25.