Hopp til innhold

Side:Frelsaren.djvu/3

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest
Bøn.

Herre Jesus Kristus! me standa i Dag med Hyrdingarne og skoda paa deg, som i Krubba ligg. Det er sagt oss, at du er vaar Frelsar, me sjaa det, og me tru det. So bøygja me daa Kne ved Vogga di og beda deg um, at du vil taka mot oss. Me koma med ei stor Byrd paa Ryggen, ei Byrd, som tyngjer oss ned, so me lyt sjaa mot Moldi og inkje kann venda Andlitet mod Himmelen, ei Byrd av Synd og av Veilor. Men du vil taka Byrdi fraa oss, er det sagt, og venda Andlitet vaart upp mot Stjernorna, som lysa i Himmelsalen, der du vil laga Sess fyre oss. So kasta me daa hugheile Byrdi ned fyre Føterne dine, og takka og lova det heilage Namnet ditt, du velsignade Frelsarmann, som gjev Fridom fyre Trældom, Liv fyre Daude. Det er fulla eit Underverk, me skyna det inkje, men Kristendomen trur paa Undervek. Du ser fulla liten og ring ut, der du ligg i Krubba paa Halm, men me veit, at du er stor, større enn Himmel og Jord, at du er Gud allmaattug, som Himmel og Jord eg skapt ved. So kann du full ogso berga ei vesall Mannasaal, naar du vil vyrda oss somyket, naar du heve slik ein brennande Kjærleike til oss, at all vaar Synd og Usseldom inkje kann slekkja honom. Je velsignat, lovat vere ditt heilage Namn i all Æva, du som heve sendt Fred paa Jordi, du som heve sonat Mann og Gud! Amen!

Tekst.
Luc. 2, 1—15.

„Men det hende i det Bilet, at det kom Bod fraa Keisar Augustus, at all Heimen skulde skrivast. Denne fyrste Innskriving vardt, daa Kvirinius var Hovding yver