Side:Frelsaren.djvu/4

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

Syria. Og alle gingo dei til at lata seg skriva, kvar til sin eigen Stad. So foor og Josef fraa Galilæa or Staden Nasaret upp til Judæa til Davids Stad, som heiter Betlehem, med di han var av Davids Hus og Ætt, og skulde skrivast med Maria, Festarkona si, som var med Barn. Men det var til, medan dei vaaro der, at Dagarne fullendadst, daa ho skulde føda, og ho fødde Son sin, den fyrstefødde, og lindad honom og lagde honom i ei Krubba, for det var inkje Rom aat deim i Herbyrget. Og i same Bygdi var det Hyrdingar, som vakte ute um Natti yver Fenaden sin, og sjaa — Herrens Engel stod hjaa deim, og Herrens Ljoske skjein i Kring um deim, og dei ottadst storlega. Og Engelen sagde til deim: ottest inkje, for sjaa, eg kunngjerer dykker ei stor Gleda, som skal vera fyre alt Folket, for i Dag er det i Davids Stad født dykker ein Frelsar, som er Kristus, Herren. Og detta skal vera dykker Teiknet, de skulo finna eit Smaabarn lindat liggjande i ei Krubba“. Og braadt vardt det hjaa Engelen ei himmelsk Hermengd, som lovad Gud og sagde: „Æra vere Gud i Høgdi og Fred paa Jordi og Godtokke yver Menneskja.“

Brøder og Syster i Kristo Jesu, vaar Herre! Naade vere med dykker og Fred fraa Gud vaar Fader og den Herre Jesu Kristo!

Det er i Dag ein Gledesdag fyre Kyrkja. „Ottest inkje,“ segjer Engelen til oss, „for sjaa, eg kunngjerer dykker ei stor Gleda, som skal vera fyre alt Folket, for i Dag er det i Davids Stad født dykker ein Frelsar, som er Kristus, Herren.“