Side:Forsberg,Ingvald-Moglunten-1919.djvu/86

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

Men han har forrekna seg litegrand. Visst skal han få båten, endå han er altfor god til ein slik styrar. — — —

Han Kristian Moa såg varmt frametter sneseglåttringen, som nett steig ein stor sjø. Han stønte ein grand, løfte så halsen og sette i veg som ein galen unghest bortetter den bakkutte blåmyra.

Ein slik nordlandsbåt vart ikkje bygd kvar dagen. Og det var mest vondt å skille seg med han. Men vilde du fram i rett tid, fekk du bruke dei nye måtane å ta deg fram på. Livet var no ein gong ikkje annleis.

Det hadde alt lenge stått klart for han Kristian, at han gjorde eit skitarbeid i fjor då han kjøpte seg sneseglåttring istadenfor skøyte, endå slik god og bergeleg båt han fekk. Men då han tinga båten ifjor hadde han set så lite av desse motorane. Og skøyte utan motor, nei, det var å gi seg stilla og vergudane altfor mykje i vold. Det hadde han set nok av ifjorvinter, då det var blankstilla i mest 14 dagar. Skøytekarane låg då jamt att i havet og rak, med båtfolket herja og hespa som best på felta. Kallan’ kunde no då dei gjekk så oppøste og argsinna gjerne tenkje litt på kven som då måtte nøgje seg med stubban’ og svart-snøret. Og istadenfor å skjelle og smelle og rive seg i håret no då den nye roaren var komen, som mest kunde trosse ver og vind og alt, skulde