Side:Forsberg,Ingvald-Moglunten-1919.djvu/84

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

dersom det skulde vare ved på denne måten. Det var så utrivelegt og nivst det kunde bli.

Han Sivert stemde i med. Rekneskapen sku’ gjerast opp på landjorda og ikkje her der dei alle sat med livet i nevane.

Han Kristian flirte berre kaldt. Mukka ikkje. Det var liksom ikkje det heile vedkom han.

Han Johan manna seg opp og sa, at så vidt han visste hadde han ingen ting å gjere opp med høvesen. Hadde han visst det skulde bli slikt kleint rolag, hadde han aldri gått med. Han syntest berre at som kar på båten og parthavar, måtte han ha lov til å seie si meining, når han såg han som sat med styret ikkje brukte vetet. — —

— Ja, tia e vel nu komen då du kann innfri løfte dett. Va da ikkj du så sku sett me a så høvesmann?

Han Kristian var stygg å sjå på. Håret stod sjøvått og villt til alle sider, og andletet var steinhardt og bleikt. Han sat som ei katt ferdig til sprangs.

Det kom ikkje ord frå han Johan. Han var bleik og ulykkeleg.

Han Kristian let no båten falle litegrand av, så segla vart fyllte. Og åttringen rennte avstad som ein piska hund bortetter dei rishøge brotskavlane. Nedi døkke båredalane var det så stusslegt og stillt som i grava.

Segla hang slappe og slong. Men kvar gongen sjøen stakk under og båten hivde seg på