Side:Forsberg,Ingvald-Moglunten-1919.djvu/83

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

hadde rett hals. Og då vart dei den tapande parten.

Han gjorde rett, han Kristian i det, at han heldt fram på streket, når han ikkje hadde firt i tide. Men han munde vere hard og kald som ein stein innvendig, når han såleis roleg kunde segle døden og undergangen imøte, tenkte han Edvart Larsa, der han stod og heldt seg i vantet etter eit stritt ausand.

Han Johan vart så frisk fram på halsen då spenninga var over. Han truga skøytekarane med neven.

Då drog han Kristian atter på fliren; sette så åttringen midt opp i ein brotskavl, så båten stod mest ende opp og ned. Halskarane drog etter anden, og sjøen silte av dei då skavlen var over.

Det vart meir og meir stusslegt; følgjet minka etterkvart, og sjøane vart så tunge å klare.

— Da e ikkj ein einaste åttring å sjå på heile have, våga han Johan seg til å seie. — Da ser mest ut til at også skøyten legg se tel å spekuler på ka di skal gjer. — —

— E du redd? Det var han Kristian som skjekte så stygt fram etter båten.

Gluntan’ tok til å murre. Han Edvart Larsa tala høgt om, at hadde some på båten noko dei vilde gjere opp med einannan, fekk dei gjere det på land. Her skulde ein bruke vetet. Han for sin part reiste ikkje ein dag meir på sjøen,