Side:Forsberg,Ingvald-Moglunten-1919.djvu/81

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest


Det kom to skøyter gåande rett mot. Dei låg så til at det vilde bere ihop med dei og åttringen, om ingen firte.

Det var ikkje godt å vite om han Kristian såg fram. Han sat i allfall like frosen og tilstengd. Auga flaug kalde og sjøgrøne utover frøsande bårebròta, alt med’ han persa båten så hardt oppåt han kunde. Han var nok ikkje tenkt å fire.

Visst hadde dei rett hals; men trudde han verkeleg at skøytene firte? Det hadde vel aldri hendt. Dei heldt seg nok for store til å fire for ein båtskarv. Så fekk ein bruke vetet som hadde det.

Han Sivert og han Johan hadde to gonger varskudd frå halsen om skøytene; det bar meir og meir i hop; dei kom akkurat til å møtast. — Ja vel, var alt han Kristian hadde svara. Det syntest liksom leppene rørde seg; han lo visst innvendig. Vårherre visste kva han lo til idag. Det var ikkje så dyrt livet just. Sjøen auka fort vekk; han toppa seg og braut rundt kringom. Den som ikkje var fødd igår måtte sjå kva sjøver det vilde bli, slik som han tjukna og tetna til innover Sørfjordane. Han kom venteleg til å bli stor-grov.

Kallane skjøna nok altfor vel dette; den eine åttringen etter den andre hadde sloppe han unna, og for no firande for romt segl oppetter mot land. Og dei gjorde rett i det; for kva