Side:Forsberg,Ingvald-Moglunten-1919.djvu/82

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

nytte var det å gå og banke og braute i timevis, når ein mest var viss på at ein ikkje kunde drage, når ein endeleg ein gong vann seg til endane. — — —

— Di fir ikkj! ropte han Johan i Vika attover; han var bleik og forarga. Skøytene var no mest inn på dei. Det kunde bere ihop kvar augeblinken.

Han Kristian såg fram, — hardt og kaldt. Og han Edvart syntest munnen drog seg til ein stygg flir. Då var han viss på at det inga firing vart. For det såg mest ut til at høvesen alltid gjorde tvertimot det som han Johan vilde. Og kunde han få Vikaprinsen til å bleikne, då først likte han seg. Det var visst den einaste gleda han hadde. — — —

Skøytene skjøna vel til slutt at det inga firing var å vente av sneseglåttringen. Og så måtte dei i siste liten dra unna, endå så fortærannes det kjendest å vike for ein åttring. Det var just så vidt dei slapp fri kvarandre; eine skøyta snerte mest att-i åttringsstyret.

Gluntan’ letna etter den fæle spenninga, dei hadde vore eit forlis nær. Og det var ikkje godt å vite om dei hadde kome med livet frå det, slik sjø det var i dag. Skøytene kunde likså godt ha knust dei i det same dei hogg over båten. Det hadde hendt før slikt. Men kjeltringane kom oftast lett frå det; åttringskarane vart i siste liten redde og firte, endå om dei