Side:Forsberg,Ingvald-Moglunten-1919.djvu/5

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

I.


Det var fælt til uver så tidleg paa året. Ein slik septemberdag kunde folk mest ikkje minnest. Sødvesten stod inn frå havet, så det braut og bura som vinterstid borte på fjorden. Frøsedrevet løfte seg alt i eitt i kvite rokkarar, som stundom reint fyllte opp millom fjella. Og oppetter strendene fløymde floa lenger og lenger, sa folk var ikkje trygge anten for båtar eller bruk.

Hausten såg jammen ut til å kome både brått og kvasst i år, prata kallane seg imillom då dei i kveldinga hadde samla seg inne på krambua hos han Per på Neset, etter at dei var ferdige med båtsettinga.

Dagfloa hadde vore meir enn vanleg stor – til på denne årsens tid å vere. Dei laut samle alt av båtar og bruk dei kunde inn i nausta. Vårherre visste om dei var trygge for det der. Skulde nattfloa bli etter som dagfloa var, då kunde ein vente noko av kvart.

Det måtte vere reine uveret ute i havet, slik som sjøen trykkte inn. Ein slik oppgang var sjeldan å sjå i hauststormane. Og så var det ikkje mikeli ein gong! Det stod ikkje lite