Side:Forsberg,Ingvald-Moglunten-1919.djvu/6

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

poteter i jorda her og der. Det hadde då vore reine somarveret til for få dagar sidan. Og folk hadde lite på somar og godver endå eit par veker.

Men han Anders i Vika meinte på, at den som ikkje var fødd igår måtte då sjå, at hausten og vinteren kom tidleg i år. Skogen var mest a’—lauva. Og han kjende nok kva som var i vente. — — — —

Han Anders i Vika såg utover krambua, løfte på eine aksla og hivde ein grand på buksa som var smotten unna beltet og heldt paa og sige ned om baken. — — — Dei andre småsmilte til dei vise og visse orda hans. Det var no eingong Anders si vis og sin vane å vere klok etterpå. Då hadde han alltid så mykje å fortelle.

— Nå han nu ha rasa ifrå se, så kann vi nok endå få ein vergløtt. Men ja vesst e han grøn utpå idag. — — — Han Anders glytte ut gjenom vinduet og hivde atter på eine aksla. E va nu i grunnen brennheldi så kom me a sill-fjoren før han slapp uvere laust. E skjøna mest at da va nokka slekt silla ha i næsen, si ho vart så reint vekk me ein gong. Sist net’n va da ikkje ein gong steiksill å få. — — —

Rett som kallane stod der og slo slag og prata inne på krambua, så kom ein glunt inn og fortalde, at han syntest han såg eit segl ut på fjorden.

Han Anders i Vika var straks ferdig å