Side:Forsberg,Ingvald-Moglunten-1919.djvu/45

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest


Natta anda stor og still rundt om.

Himlen kvelvde seg haustblå og rein utover fjorden og fjella. Og tallause småstjerner blenkte og skein. Ein liten nymåne seglde blank og fin over fjella i sør; og fjorden drøymde i djup ro med late små nordaustbårer, som kjælne strauk seg langs båtsidene.

Det var to makter som slost om han Kristian Moa i denne stund. Naturen tala med si endelause ro og sin store fred, og bad han vere sann og ærleg, og lyde etter songen i si eiga sjel. Men kvinna som sat ved hans side, full av ungdom og livsvarme, erta og egga og sette hans hug i brand, slik at han gløymde alt anna. Og han prøvde å svæve sitt samvet til ro med å minnest alt det beste som han hadde set og og høyrt om og av ho Maria. Ho hadde så mang ein gong sett liv og fart i laget, og alltid prøvt å legge eit soningsslør over det at han var Moglunt. — — Var ikkje ho nett ei som høvde for han? Ho tok gudskjelov ingen ting så høgtidleg og tragisk. Ho var gjerne frigjord og modig nok til å slå lag med ein Moglunt. — — — — —

Han kjende varmen av henne, og det steig slik forunderleg duft av hennar hår og hals. — — — Det var til slutt som hans eigen store kjenslebrand fyllte heile romet; hav og himmel flaut i eitt, og han seglde avstad for stormbør bort gjenom alle blånar.