Side:Forsberg,Ingvald-Moglunten-1919.djvu/44

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

og trudde. Først då ho hadde set granskande på han, og drege skjørtet godt nedover, stakk ho foten fram.

— Du e gjønnavåt.

— Da trur e ikkj.

— Skal e vis de da?

— Versgo, derså du vel ha da brye.

Han reima skoen opp og let handa gli’ rundt foten, som var så lubben og liten, at han kunde mest gøyme han i loven sin. Sokken var dyvåt. Han leita i trøylomma si etter noko tørt papir og la ned på solen, før han tok til å dra skoen på att. Skoen vor våt og liten, så det var mødesamt å få han på, slik som han sat — rett imot henne.

— Du lyt gje rom på framtofta åt me.

Båten duva og seig då han sette seg breidd med henne. Det var ikkje meir så han vakte.

— Synest du detta e nokka å reis på sjyen me? spurde han. — I morra skal e ta støvlan hass far på. Går da an?

Ho smilte han opp-i auga.

— Ja, kaffør ikkj. Men han kunde ikkje anna undrast på korleis det skulde gå til å få storstøvlane hans Jens på Bakken til å sittte på dei småe føtene hennar. Det måtte bli eit syn for gudar å sjå henne kome stigande i det hyret! — — —

Han hadde fått skoen på.

Men han vart sittande der likevel, så tett inn til henne, at eit og anna forvilla hårstrå strauk han bort i andletet.