Side:Forsberg,Ingvald-Moglunten-1919.djvu/30

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

laut han inn på Bakken og snakke med han Jens.

— Da e berre skjit me me, sa kallen og såg ulykkeleg ut. — E kjem nok ikkj på fjoren så snart. Men derså du ikkje lei a hopehave, så kann du få hall fram me ein ann’n kamerat. — — Han såg så lur og skjemtefull ut, kallen.

Han Kristian såg bort-på han Ola, som sat attmed bordet og las på leksene. Det var ein staut glunt i 14-årsalderen. Det gjekk sakte an å ro ut på heimfjorden ilag med han.

— Nei, da e sist åre hass, så e vel ikkj han skal forsøm skola. Men du veit han har sakt sprengmot nok tél å vær med, sa han Jens.

Han Kristian lurte så på kven kameraten hans så skulde bli.

Då kjem ho Maria seglande inn gjenom døra. Ho ansa ikkje han Kristian før ho var midt framme på golvet. Då vart ho både rau og opprådd. Men det varde berre ein liten augeblink. — E slekt fremmendfolk ut å går. Ja vesst e da dagan sia sist. — —

— Her har du roar’n din. E du førnøgd me byte? spurde han Jens skjemtefull. — —

— Trur du han Krestian Moa vel ha slekt krek i båten. Anna må dar nok tel åt ein slik drivar. — — Ho kasta med nakken og gjekk innar til bordet og sette seg. Bakke-kallen såg varmt på henne og meinte på, at der nok var kleinare krek på fjorden enn ho. Vilde ikkje han Kristian vere fornøgd med henne,