Side:Forsberg,Ingvald-Moglunten-1919.djvu/28

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest


Å jau, han var ikkje brei om bringa av ingenting, Neskongen. — — — Han Kristian Moa vart roande åleine på gamalfæringen. Men båtskarven var sålelek. Ausekaret fekk ikkje kvile, om båten skulde halde seg oppe. Det var både ufyse og forargeleg å ro på ein slik måte. Men ein fekk ta verda som ho var.

Så var det ein kvelden han kom drivande framom han Jens på Bakken. Han var og åleine. Men han hadde ein mest ny saltværing.

Då han fekk sjå han Kristian ropte han: – Nei no trur e da e best at vi to hauan slår oss ilag.

Ja, han Kristian Moa hadde ikkje noko imot det. For han Jens på Bakken var ein triveleg gamling. Og så var han innflyttar, han og, endå det var lenge sidan han kom til fjords. Han skulde vere halvt svenske fødd.

No var han opp i 60-åra, og snau i skolten. Men forlivande frisk i tale og arbeid. Kjeften stod ikkje på han, når han fekk prate om sitt eige, — om båten, som fløytte seg, slik som ingen annan båt, om hesten som tråva så lett og ledig som ei katt og om dottera, ho Maria, som var så framifrå i alle måtar.

Han Kristian hadde ingen ting imot at kallen snakka om ho Maria. Ho var jamaldring med ho magnhild i Kleiva og han, og ho hadde alltid vore så lettliva og gild. Men no hadde