Side:Edda-kvæde, Gudekvæde.djvu/96

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest
— 88 —

<poem>

Loke kvad:

32. „Teg du, Frøya! trollkjering er du, med svikraadir er du sprengd; med bror din i lag blide gudar fann deg, daa fór du inkje aat fint.“

Njørd kvad:

33. „Lite det skil, um leiken gjeng med eigin mann eller andre; men d’er fælt at slik ufysin aas er med oss, han som born hev bori.“

Loke kvad:

34. „Tegje deg, Njørd! dei tok deg austpaa, gisl vart du aat gudom; kvendi hans Hyme til kjerald deg brukte, vel vart du vaat i munn.“

Njørd kvad:

35. „Eg hev like for det, at eg langt var send, gjevin gisl aat gudom, daa sonen eg avla som ingin hatar, og han tykkjest ov-kar hjaa æsir.“

Loke kvad:

36. Stogge no, Njørd ! stig inkje for høgt, eg vil inkje lenger det løyne: med syster di slik ein son du fekk, han var ’kje vildre[1] aa vone.

Ty kvad:

37. „Frøy er hævast av hovdingar alle som i aasa-gardom er; han møy inkje grøter eller nokon manns kone, men løyser or lekkjur og hapt.“[2]

Loke kvad :

38. „Tegje deg, Ty! tenk paa dette, du bar aldri byrdi f o tvo; høgre handi di, ho mun eg nemne, som Fenre fraa deg sleit.“

Ty kvad:

39. Eg vantar handi, men heideren du, d’er saar saknad i baae; ulven jamvel illtrivst i band og bider paa ragna-rok."

Loke kvad:

40. „Tegje deg, Ty! det timdest di kone, til sonen ho fekk var eg far;

du aldri, stakar,

  1. Vildre, betre.
  2. Hapt, band