Hopp til innhold

Side:Edda-kvæde, Gudekvæde.djvu/97

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

<poem> aln hell pening fekk til soning for skammi.“

Frøy kvad:

41. „Ulven eg ser fyri aa-ós liggje til æva vaar er all; nær attaat honom, um du no inkje tegjer, deg, bithund, bind me."

Loke kvad:

42. Med gull kjøpte du Gymes dotter og selde so dit sverd; naar Muspells sønir yvir Myrkskogen rid, vesall verju du fær."

Byggve kvad :

43. „Aatte eg ætt som Ingunar-Frøy, og hadde so sæl ein sess, som merg daa mól eg meinkraaka sund, og led og lem paa ho knasa.“

Loke kvad:

44. „Kva er det litle som leikar med rova og snakande snikjer’? um øyro til Frøy du alltid syng, og ved kverni du kvæser.“

Byggve kvad:

45. „Byggve eg heiter, men braa meg kallar gudar og gode menn; av det er eg byrg, at bjor[1] dei drikk alle Roptssønir saman.“

Loke kvad:

46. „Teg du, Byggve! traudt du lærde aa byte mat milom menn; or benk-halmen fram dei fann deg inkje, daa naar her-menn hogdest.“

Heimdall kvad:

47. „Ør er du, Loke, og ovdrukkin heilt, lat det no, Loke, vera! for ovdrykken veld for alle menn at inkje dei tøymer si tunge.“

Loke kvad:

48. „Teg du, Heimdall! i tidi sitt upphav ein ljot lagnad fekk du; du lyt alltid stande stiv i ryggen og vera vaktmann for gudar.“

Skade kvad:

49. „Alt lett fell for Loke,

men lengi du inkje

  1. Bjor, godt øl.