Side:Edda-kvæde, Gudekvæde.djvu/83

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest

75 ungdomstidi, er vel upphavleg tenkt aa vera den personlege beraren aat solstraalen. Frøy sjølv vert kalla den skire, soldisi skirleitt. Naar Skirne fer paa hesten yvir doggvaatt fjell og huldreheimar, so minner dette noko um solgaatur: r So kom ei jomfru ridande", heiter det um soli; og um solstraalane stend det at dei: «fér yvir fjell og dal, yyir vatn og hav, gjenom høy og halm, og inkje tuskar." Og med spjot og sverd er solstraalen likna ihop baade i skaldekvæde 1) og folkevisur. I visa um Far og dotter" heiter det: Kva er det for eit naki spjut, som kvar dag leikar inn og ut?" «Det er inkje naki spjut, de'r solegeisle leikar inn og ut." Er solegeisle laga so med naki sverd og sylvhefte paa?" D'er 'kje naki sverd og sylvhefte paa, d'er solegeisle leikar so." Solstraalen er ogso vanleg det vaapn som dvergar og risar maa sige i koll" for (sjaa Alv. 48). Um kvelden var det vel Frøy hadde sett Gjerd; etterpaa var han tagall og fekk inkje sova um natti. Paa morgon-sida, med det endaa er myrkt (v. 10), sender han Skirne ut, so han naar Jotunheimen med dei fyrste solstraalane. Same dagen kjem han daa attende (sml. v. 42). Skade var dotter til risen Tjasse i Trymheim, og gift med Njørd, som fyrr maa ha havt ei onnor kone, vonleg syster si, etter vane-sed, mor til Frøy, som daa hadde Skade til stykmor. Skade er ski-dis og likar seg best til fjells, Njørd er med ho nie nætar der, men likar seg ille. So er ho med Njørd nie nætar nede ved sjøen, men likar seg like ille der. Um dette melder gamle vers. Njørd : Leid er eg fjell, eg lengi var 'kje der, berre nætar nie. Ulvetot tottest illt meg vera mot svane-songen." Skade: Sova eg fær 'kje ned-i sjøstrandi for fæle fugle-gaul. Eg støkk av svevnen, naar setjande dei kjem kvart morgo-mund fraa hav." M Einar Skuleson kallar heilag Olav for den stridføre geisle, og rodul (straale) brukar han um sverde. I Rekstevja er sverd kalla strids-soli og i Voluspaa valgude-soli.