Side:Edda-kvæde, Gudekvæde.djvu/84

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest

76 Namne til Skade kunde liggje i: Skaabu (Skada-bu) i Gudbr., Skadastadir i Orked. og Austf., Skadaland i Vefsen og paa Rom. I Sverike: Skadevi og Skadalunda. Skade karm elles ogso vera mannsnamn. Gyme er vanleg namn paa ein havrise (= Æge, Loketr.), soleis i Yt, Herv. s., Ran er kalla volva (kona) hans. Snorre segjer at han var av bergrise-ætt. Namne tyder: den som gøymer. Øyi Gimsøy (or Gimisto) i Lofoten minner um namne. Elles mange liknande namn (Gimsøy, ogso skr. Gymsøy, ved Skien), som karm hava anna upphav. Gjerd. Loketrætta og Hyndleljod samstavar med Skirnes maal i det at Gjerd var dotter til Gyme, av jøtun-ætt (same leis Snorre). Likevel liknar ho meir innkvervde møyar fraa visur og æventyr enn ei gygr 1 ). Fraa armane hennar lyser det yvir luft og hav. Ho vert skræmd ved tanken um aa faa eit troll til mann, men er heller inkje sjuk etter gifte fraa andre heimar. Ein karm merke seg at (elter Hyndl. og Snorre) het mor hennar Aurboda, og dersom dette er den same som Fjølsvinns maal nemner, so tykkjest inkje ho vera gygr. Ein kunde helst tru at Gjerd var jøtun berre paa fars-sida, sameleis som det er fortalt elles um kvende i trollheimen 2). Namne Gjerd hev til seinaste tid vori brukt kringum Bergen. Den fyrste Gjerd me kjenner var dotter til ein land nåmsmann fraa Sogn. I samansetningar finst namne oftare. Vilgjerd het dotter til Horda-Kaare, sonen hennar var Floke, som for til Island aar 869. Torgjerd er gamalt namn fraa Sogn; Torgjerd Øylaugs-dotter maa ha livt i de Bde adr hundrad. Aasgjerd fraa Romsdalen tok land paa Island. Frøygjerd var dotter til ein landnåmsmann fraa Trondheim. I gardsnamn finn ein att namni Gjerd (mest millom Hordaland og Nordland) og Torgjerd og Aasgjerd. Gjerd er elles gamalt elvenamn rundt umkring i Norig. Gjerd 3) tyder vel helst den som er inngjerd, avstengd. Upphavleg karm det daa vera tenkt paa jordi, som er inngjerd av have, liksom ho er ætta fraa have. Upp or have lyfte Burs sønir jordi, forlel Voluspaa. Og fleire stadir i Norig gjeng de segnir um øyar som hev komi upp or have (Tautra, Jomfruland o. fl.). Med dei lysande armane som Gjerd retter upp i vere karm ein tenkje paa nordljose; um dette segjer folk endaa paa Nordhordland at det er tausekjeringane som dansar", og paa Sunnmøre at det er trollkjeringane som dansar". Det same maa vera meint med dei leikande, frøsande logane kringum salen hennar. Langt i nord bur ho. Naar ho lengi stend imot tilbode fraa Frøy, lyt ein tenkje ») Ei rett gygr er Rimgjerd. Sjaa kvade um Helge Hj. 2) Til dømes Menglad i sogo um Orm Storolvsson. •; A. Noreen tyder namne som lyse paa himilen (som gard i maane-gard).