Side:Edda-kvæde, Gudekvæde.djvu/62

Fra Wikikilden
Hopp til navigering Hopp til søk
Denne siden er ikke korrekturlest


54 30. Glad og Gylle, Gler og Skeidbrime, Silvrintopp og Sine, Gisl og Fal hovne, Gulltopp og Lettfete, dei folar ber dagleg tivar fram naar tri tings dei fer ved Yggdrasils ask. Tri røtar stend paa tri sidur 31. under Yggdrasils ask; Hel bur under ei, under ei rimtussar, ved den tridje Mann- heims menn. 32 Ratatosk heiter ikorn som renne skal etter Yggdrases ask; ord han ovan fraa ørni ber og ned til Nidhogg deim fører. 33. Hjortane fire halsen rekkjer og bit av grøne greinir: Daain og Dvalin Dunøyr og Duratro. 34. Ormar ligg det fleire under Yggdrasils ask enn ukunnig ape veit av; Gom og Moin, dei er Gravvitnes sønir, Graabak og Gravvollud, Ovne og Svaavne alltid eg trur skal paa greinine gnaga 35. Yggdrasils ask illt det heve meir enn menn det veit hjort bit i topp, tre-leggen iblnar, Nidhogg riv i rot. 37. Aarvak og Allsvinn dei upp skal hedan svange draga sol; mil lom bogane deira bøygde milde gudar, æsir, kalde jarn. 38. Svalin raun stande framfyri sol, skjold for skinande gud berg og brim eg veit brenne skal, um han fell ifraa. 30. Skoll heiter ulv, fylgjer skirleitte gud alt til vernande véd; ein annan er Hate, han er Rodvitnes son og fyri reine himil- bruri renn 40. Av Ymes hold jordi vart skapt, av blode baarut hav, berg av beinom, buskar av haare og av hausen himil. Brim, brotsje, hav.