Side:Edda-kvæde, Gudekvæde.djvu/28

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest

laga topp, brukar dei i Telemork og Set. som paa gamallnorsk. Ikr. 1780 batt kvendi i Set. haare upp i ein knut og sette uppaa det ein topp som var 6—12 turnar høg. Til høgtid sveipte dei eit kvitt linklæde um toppen, og det hekk langt ned etter herdane.

23. Gullhyrnde kyr er ogso nemnde i Helge Hj. 5.[1] Gullinhorne er uksenamn hjaa Snorre. — Asbjørnsen fortel um huldrekyr i Gudbrandsdalen med gullknappar paa horni (endaa fortalt i Atn-dalen) og um ei geit med gyllte horn i Lofoten. Vang nemner ogso fraa Valdres ein huldre-ukse med knappar paa horni „so blanke som dei skulde vera av gull.“ Sameleis i segnir paa Island. I Vestfalen skal det vera skikk aa forgylle ku-horni, naar det er stas. Gamle irske sogur nemner uksar med gullhorn. Gullhyrnde offerkyr er nemnde hjaa romarane og hjaa Homer.

Aalsvarte uksar er ogso nemnde i Hymeskvida. — I segnir høyrer ein mest gjeti brandute huldrekyr paa midlande, raudkollur lengst aust i Norig, vestpaa ofte kvite, i Hard., Hall., Gudbr. stundom blaae. Berre i Selbu er det tale um ein kolsvart buskap. Lokkar nemner svarte naut paa Nordmøre, i Valdres, Aadalen og i S. Øystredalom. — Saxo fortel at svenskane ofra svarte uksar til Frøy. Geirstad-Alv drøymde um ein svart stut.

29. Brureskatt[2], gaave som bruri skulde gjeva skyldfolke aat brudgomen, vonleg til aa tryggje honom eineretten til bruri. Minne fraa utgomol tid, daa kona inkje var so fast bundi til ein einaste mann, og daa ein helst rekna ætti si paa morsida. Endaa skikk med slike gaavur nørdst i Øystre dalom, i Vinje (Tel.) og i Seljor, der dei (etter Wille) kallar det bruregarn, „baand og vanter til slægtninge og embedsfolkene.“ Ho gjev dette naar skaute er sett paa. Paa Voss skal ei slik gaave vera kalla heimkomegaave, i Hardanger og Børsen bruregaave (helst til skyldfolke aat brudgomen). I Aurdal skal bruri gjeva gaavur aat fatigfolk naar ho kjem heim.

30. Vigje bruri. „Tor vigje“, stend det paa runesteinar. Det tykkjest trulegt at Tor og hamaren hadde med aa vigje giftarmaali. I segni um Urebø-urdi (fraa Tel.) er det fortalt at Tor var med i tvo brudlaup. I eit brudlaupslag vart Tors skaal drukki fyrst, fortel sogo um Herraud og Bose.

Guddomen Vaar raadde for lovnaden millom mann og kvende, segjer Snorre. Ho høyrer det og tek hemn yvir deim som bryt lovnaden. Kvæde Haustlong talar um bogestrengen si Vaar. Elles er ho lite kjend. Av same roti er orde væringar (dei som lova truskap til framande fyrstar).

32. Skjell, skrell; same roti i skilling (som tykkjest vera komi fraa angelsaksane, daa nordmennane inkje hadde heimlege myntar i heidne tidi). Skjell-aa, elvenamn. „Han fekk

skjell for skillingar,“ segjer dei endaa i Evje, Set.

  1. Sjaa ogso Gautieks saga kap. 6.
  2. Orde, bruðfé, finst berre her.