Hopp til innhold

Side:Edda-kvæde, Gudekvæde.djvu/26

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest

Paa Island kallar dei flis til aa kveikje eld med for Loka spon. Lokki heiter han paa Færøyane; der er det endaa ei vise um han. — Millom Loke og Hermes er det mange lik skapar.

3. Frøya, dotter til Njørd i Noatun (skipsgarden), hadde, etter Grimn., bustaden sin paa Folkvang. — Snorre kallar Frigg „falkehams droningi“ og fortel at Loke ein gong laante falkehamen hennar. Og fraa det fyrste er vel Frøya (fruga) berre eit namn paa Frigg. I Trk. liknar ho og mest paa Frigg i vyrdnad og byrgskap, og er ulik den Frøya som Loketr. og Hyndl. fortel um. — Njørd og borni hans, Frøy og Frøya, vart kalla vanir[1] (bjarte, lysande), dei er vise (framsynte, trollkunnige). Vanir er berre nemnde i Norig og paa Island, og Bugge trur at dei høyrer til ei yngre tid. Vanegudane hev vel upphave sitt fraa disi Nerthus[2], som Tacitus talar um. H. Schück meiner at vanine var folke vinilane (langbardane), som førde krig med Odins-folke vandalane, og som kann hende var med i det folkesamlage som dyrka Nerthus. — Frøya liver endaa i ein vess fraa Set.: „Frøya hjelpe kona dysse og nynne baane.“ Ved fyrste barnsengi.

6. Trym tyder den som dunar. Kjetil Trym het ein verdøl ikring 890. Trym het jøtunen i Vorma, fortel ei gomol sogu fraa det 13de aarh.[3] Trym er elvenamn hjaa Snorre. Eit slikt elvenamn ligg kanskje til grunn for gardsnamni Trumald (Hall.) og Trumnes (Lauten). I Torekalls-visa er det grimen (eit vatstroll?) som hev teki hamaren. — Sume meiner at Trym tyder den som torar, og at det skulde vera meint at ein jøtun var toregud um vinteren.

Tussar. Fraa Telemork skreiv Wille at der „tillægges jutulerne, jøtnerne, ogsaa kaldet thussar, de største og æventyrligste dimensjoner.“ I Set., Sogn, Nordl. og fl. st. er tussar det same som haugafolk. I Trondh. tyder tuss no „stymper, klodrian“. Paa g. n. var ein tuss verre og styggare enn ein vanleg jøtun.

Aa sitja paa haugen var vanleg skikk millom storfolk. Dei saag der ut yvir eigedom og arbeidsfolk og ferda-menn.

Aas (fl. æsir), av roti ans (anses kallar Jordanes gotane sine halvgudar), anten vindgudar eller aandir. Herav: aaska (aas-ekja), tora.

8. Aatte-tale er brukt 4 gongir i Trkv., som ogso hev 4x8 vers. 4 guddomar er nemnde. Rigst. talar um 8 manns

styrke, Loketr. um 8 vintrar som Loke var under jordi, Skirn.

  1. Roti trur sume finst i namn: Vanse (Vanesyn, av Vanis vin?), Vansheim (Romsd.), Vanelven, Vanve (Nordl.) . I Sverige: Vansjø, Vanssta, sjøn Vænir. I folkenamni vandalar, i ven (fager), sml. lat. Venus.
  2. „Nerthus er samme navn som oldn. Njørðr, der forudsætter urgerm. Nerthus. En kvindelig guddom, der er søster (og ægtefælle) til N., ligesom Frey har søsteren Freya, antydes en enkelt gang i et eddakvad. Enten har der oprindelig været dobbeltskikkelser, eller der har fundet en forskydning sted fra kvindeligt væsen til mandligt.“ (A. Olrik).
  3. Namne kong Trym paa Agdir er vel berre uppkallingspamn (Tromme- stad. Truma).