Side:Edda-kvæde, Gudekvæde.djvu/25

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest

17 utgomol sogu fortel at risen Cacus stel fé fraa H., med han søv. H. set etter C. til holo hans, drep risen og fær att fée. Mange spel-leikar vart gjorde um H. — Er Trymskyida bygd paa slike sogur um H. med ein gamall utklædingsskikk og eit natur-emne til grunnlag?

Dette upphavlege natur-emne laut daa ha vori paa lag som W. Ranisch segjer det: Um vinteren er det inkje noko tore-vèr, so hev daa Tor ingin hamar um vinteren. (Sml. segni fraa Tel. um at hamaren vart burte). Kvar-helst hev det vorti av han? tok so folk til aa spyrja. Risane maa ha teki han. Emne til ei forteljing var ferdigt. Og ymse drag fraa sogo um Herakles skapte kanskje songen. [1]

2. Loke. Namne hev dei tydt „den som endar“ (av luka). S. Bugge trur det er avleidt av Lucifer. A. Olrik meiner det er prova at loke er ei sideform til loge: „hos norsk og svensk almue er Lokke navnet paa arne-ilden, opfattet som levende væsen og gjenstand for hjemlig dyrkelse. Hos den jydske bonde er han knyttet til den glødende sommerhede, — naar luften flimrer af sol, „driver Lokke sine geder“ eller „saar Lokke sin sæd“ Loke udvikler sig da fra at være en ildgud af tvetydigt væsen, hjælpende og plagende, til at være asaverdenens skurk.“ Det er likevel inkje avgjort, „om der er paavirkning fra andre folk, Lucifer og den keltiske Eochaid den fagre, der trods sin jættebyrd bliver knæsat af guderne til deres eget fordærv. Men i hvert fald mærkes der store hjemlige kræiter i denne udvikling: en bestræbelse efter at udskille de mere naturbundne og ethisk ringere væsener fra gudekredsen og et stadig skjærpet blik for guddom og jætte som tilværelsens store modsætninger. Hertil kommer at da Lokeskikkelsens episke værdi i særlig grad blev udnyttet af „de gudekyndige“ (mytefortællerne), og forskydningen der for kunde ske med større fart.“ — Loke er den drivande krafti i den norske gudesogo og hovudmannen i syrgjespele. — Han vert berre nemnd etter mor si, Lauvøy, i fornkvædi, (Einast „Haustlong“ nemner faren Faarbaute). Dette peikar til utgamle tidir, daa giftarmaali var lausare, og provar at Loke høyrer til dei eldste lag i gudelæra.[2] — Fraa det fyrste er vel Loke helst i lag med Tor og liksom drengen hans, og gjer baade beinkur og spikk. — Han er ofte fljugande[3] (sml. namne Lopt, luft), soleis og i Torekallsvisa. — Loke gjeng endaa mange stadir att i folke-minne. Folk segjer (i Tel.): „Lokje dengjer borni sine,“ naar det sprakar paa aaren;. „det skal Lokje ha,“ naar dei kastar snerken paa elden. „Lokke, Lokke, gjev meg ei bein-tann, her hev du ei gull-tann,“ segjer dei i Sverige, naar dei hiver paa elden ei felld tonn.

Edda-kvæde. 2

  1. Kva som er eldst, anten den irske sogo um harpa eller den norske um hamaren, er vel uvisst.
  2. Fraa seinare tid maa daa Frøy og Frøya vera, som berre vert nemnde etter faren. Men Tor vert ofte nemnd med morsnamne.
  3. Fljugande er og Volund, sml. visune um riddaren i ørneham, Germand Gladensvend o. fl.