Side:Edda-kvæde, Gudekvæde.djvu/23

Fra Wikikilden
Hopp til navigering Hopp til søk
Denne siden er ikke korrekturlest


<poem> 25. Daa kvad det Trym, tusse-drottin:

„Kvar saag du brur 

bite kvassare? Aldri saag eg brur bite breidare eller meir mjød nokor møy drikke.“

26. Sat ho attmed, den innfule terna, som ord fann til svars paa jøtuns tale: „Frøya aat inkje aatte nætar, so ovhuga var ho til Jøtunheimen.“

27. Han letta paa line, var lysta te kysse, men undan han stokk endelangt i salen: Kvi er so illkvasse augo paa Frøya? Eld meg tykkjest or augo loga.“

28. Sat ho attmed, den innfule terna, som ord fann til svars paa jøtuns tale. „Inkje sov Frøya aatte nætar, so ovhuga var ho til Jøtunheimen.“

29. Inn kom arme jøtun-systri, som beda torde um brure-skatten: „Rett meg ringar raude av handom, um du vil hava hugnad hjaa meg, hugnad hjaa meg og all mi hyllest."

30. Daa kvad det Trym, tusse-drottin: „Bere inn hamar’n bruri aa vigje, leggje Mjølne paa møyar-kne, vigje oss saman med Vaar si hand."

31. Log i hugen Lorride godt, daa hardhausen sin hamar kjende. Trym drap han fyrst, tusse-drottin, og jøtun-ætti all han tynte.

32. Drap den aldruge jøtul-systri, ho som bad han um brure-skatten. Skjell ho fekk for skillingar og hogg av hamar for haug av ringar. So kom Odins son att til sin hamar.