<poem> paa brjoste setje me breide steinar, og haglegt binde me hovud-toppen.“
17. Kvad det Tor, den trauste aas: „Kjering vil daa kalle meg æsir, lèt eg meg binde med brure-lin.“
18. Kvad daa Loke, Lauvøy-sonen: „Teg deg, Tor, tala kje dette; snart kjem jøtnar til Aasgard byggje, um inkje din hamar du heimtar att.“
19. Batt dei um Tor daa brure-line og det bjarte brisinga-mene, lét dei um honom lyklar ringle og kvendeklæde um kne falle, sette paa brjoste breide steinar, og haglegt batt dei hovud-toppen.
20. Daa kvad Loke, Lauvøy-sonen: „Meg til terne du take med deg, so èk me tvo kvende til Jøtunheimen.“
21. Snøgt var baae bukkane heimta, sprette i skoklar, skulde vel renne. I berg det brotna, brann i jord loge, ók Odins son til Jøtunheimen.
22. Daa kvad det Trym, tusse-drottin: „Upp og bere paa benkir halm, no fører dei meg Frøya til viv, dotter aai Njørd i Noatun.
23. Her gjeng innmed garden gullhyrnde kyr, aalsvarte uksar, jøtnen til gaman. Eg hev nøgdi av gull, hev nøgdi av godar, einast Frøya eg no vantar.
24. Tidleg um kvelden kom det til dess at fram for jøtnar øl vart bori. Sjølv aat han ein ukse, aatte laksar, alle dei kraasir til kvendi var laga, tri kaggar mjød drakk mann hennar Siv.