Side:Edda-kvæde, Gudekvæde.djvu/20

Fra Wikikilden
Hopp til navigering Hopp til søk
Denne siden er ikke korrekturlest


— 12 —

Trymskvida.

(Hamarsheimt).

——

<poem> 1. Vreid var Vingtor, daa han vakna og hamar sin han munde sakne. Skjegg han riste, hedna[1] han skok; tok son aat Jord um seg aa trivle.

2. Og han dei ordi aller fyrst kvad: „Høyr du Loke her kva eg segjer, som ingin paa jord hell i uppheimen veit: fraa aasgud hev dei hamaren stoli.“

3. Gjekk han til Frøya i fagre tun, og han dei ordi aller fyrst kvad: „Vil du meg, Frøya, din fjørham laane, at eg min hamar hitte maatte?“

Frøya kvad:

3. „Eg gav deg han gjerne, um av gull han vøre; eg lét deg han faa, var han laga av sylv.“

5. Flaug daa Loke, fjørhamen dunde, til ut han kom av Aasagarden, og inn han kom i Jøtunheimen.

6. Trym sat paa haugen, tusse-drottin, band han batt aat bikkjom av gull, og maani meitte paa marom[2] sine.

Trym kvad:

7. „Koss gjeng det aasom? Koss gjeng det alvom? Kvi kjem du einsleg til Jotunheimen?„

Loke kvad:

„Ilt er med aasom, ilt er med alvom. Hev du Lorrides hamar løynt?„

Trym kvad:

8. Eg hev Lorrides hamar løynt, aatte rastir

under jordi.

  1. Hedna, hovud
  2. Mar, hest