dikta til dette brudlaupe av ein av skaldane hans Harald. Torbjørn Hornklove laut ein i so fall tenkje paa, fremste skalden aat kongen. Torbjørn var vel fraa aust eller sørpaa landet og heldt seg med Harald i Trondheim, og serskilt mange ord fraa Trondheim og austlande finst i songen. [1] Stor likskap er det òg millom kvæde som me veit T. hev gjort og Rigst.
Frostatingslovi gjev ogso upplysningar um bunad og stell i Trondheim som svarar til skildringane i Rigst. Ho talar (IX, 9) um vevar og skrin, sengje-umheng, dundynur, benkjeklæde, fløyelskappur, klæde med saum (brodering) og frynsar eller duskar, gullband, sylgjur, spenne og brjostbunad av sylv og gull, glimesteinar, vaskefat og drykkje-kjerald innlagde med sylv, sauir og gjæsar.
Ei ny rik tid byrjar i Trøndelag sist i det 8de hundradaare.
Fraa vikingtidi finn ein „paa den norske vestkyst, saaledes ogsaa i det trondhjemske — — hyppig rent irske (eller keltiske) stykker, der maa ansees som importeret gods. Og ved siden heraf findes der ogsaa mange prøver paa hjemligt arbeide, hvori de fremmede mønstre er efterlignede eller tilgodegjorte.“
„De arkæologiske vidnesbyrd godtgjør, hvad der ogsaa er os bekjendt gjennem historiske kilder, at Trøndelagen med hensyn til befolkningens talrighed har indtaget en fremtrædende plads. Fylkenes og skibredernes omfang vidner om en tæt befolkning, og det store antal oldfund taler i samme retning. Der er mange gravhauge fra denne tidsalder, undertiden i hundredevis.“
„I de historiske overleveringer heder det gjentagne gange udtrykkelig, at Trondhjem — det vil sige landskabet omkring; fjorden — „har altid været Norges hoved“, at „der var landets største styrke“.
„Harald Haarfagre og efter ham flere konger fra det søndenfjeldske slog sig ned i det trondhjemske, hvad der ogsaa viser, at landets tyngdepunkt i den ældste tid laa her.“ (A. Helland: S. Trondhjems amt).
Kom det keltiske sakir til Trondheim, kunde keltiske ord like lett finne vegen og heimfeste seg der, sameleis som mange norske ord heimfeste seg hjaa keltiske og angelsaksiske folk.[2] Ein skald som hadde butt millom keltane vilde vel ha skyna orde rig (konge) betre, so han inkje hadde brukt det um Jarl, men berre um Kon unge.
Elles kann ein inkje segja noko fullvisst um heimstaden,
endaa.
- ↑ Trondheim: kinga (sylgje), ful (stygg), kumb, feimin, kraas. Austlande: segg, ryfte (ripte), sterte. Tel.: hypin, bjug, klurr, drumb, snót, svarre. Skulde ein døme etter desse ordi, laut ein segja at songen hadde heimstaden sin millom Agdir og Trondheim.
- ↑ „Mangfoldige nordiske laanord i irsk vidner om den nordiske kulturs, overlegenhed i materiel henseende.“ (A. Bagge). „Brok“, „mantel“, „vindauga“, „mark" og allvist skipsordi. Nordmennane var herrefolk i Irland, og hadde so sterk ei gudetru at ho stundom tok magti fraa kristindomen.