Side:Edda-kvæde, Gudekvæde.djvu/181

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

Frøya kvad:
7.
„Daara er du
og drøymer, Hyndla,
trur du venen fylgjer
i valferd med meg,
der det glor paa galten
Gullinbuste,
Hilde-svine,
som hage dei tvo
dvergar gjorde,
Daain og Nabbe.

8.
Or sàlen eg stig,
me sèt oss i lag
og røder til-saman
um store ættir,
um dei gode mennar
som fraa gudane kom.

9.
Vaaga dei hev
um Vallands gull,
Ottar unge
og Anganty.
Treng dugleg rettleiding
drengen unge,
skal han fars-arven faa
av frendar sine.

10.
Han horg meg laga
med lad av steinar
— no det grjote
til glas er vorti —
fé-blode friskt
farga steinen;
jamt trudde Ottar
paa aasynjur.

12.
No du farne
feggar nemne,
ætte-tavlur
upp du bere:
kva er Skjoldungar,
kva er Skilvingar,
kva er Audlingar,
kva er Ylvingar,
kva er holdbori,
kva er hersebori,
manne-val best
i heile Midgard?“

Hyndla kvad
12.
„Du er, Ottar,
Innsteins son,
og Innstein son til
Aalv den gamle,
Aalv til Ulv,
Ulv til Sæfare,
og Sæfare son til
Svan den raude.

13.
Fars-mori di,
ho fagert var prydd,
det lyt ha vori
Ledis gydjo;
Frode far hennar,
og Friund mòri;
var heile den ætti
av høgbori folk.

14. Aude[1] i old
var ypparste mann,
Halvdan fyrr honom
høgst av Skjoldungar;

  1. eller Aale.