Side:Edda-kvæde, Gudekvæde.djvu/180

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest
(Det stutte Voluspaa).

30.
Elleve var
dei æsir talde,
daa banebeigen[1]
Balder fekk;
var daa Vaale
viljug til hemn,
banemannen
til bror sin vóg han;
alt det er ætti di,
Ottar heimske.

31.
Var Balders fader
Burs erving,
Frøy aatte Gjerd,
ho var Gymes dotter,
av jøtun-ætt,
med Aurboda;
fekk Tjasse,
frenden deira,
den skobeitte[2] jøtun,
Skade til dotter;
Heid og Rosstjov
var av Rimne si ætt.

32.
Eg mangt deg segjer,
og meir eg hugsar;
visst ingin veit det,
vil du enn lenger?

33.
Er volvur alle
fraa Vidolv komne,
visekallann[3]
fraa Vilmeid ætta,
seidmennar
fraa Svarthovde,
jøtnar alle
fraa Yme stokne.

34.
Eg mangt deg segjer,
og meir eg hugsar;
visst ingin veit det,
vil du enn lenger?

35.
Ein vart borin
i upphavs tidi,
òv-vaksin gut
av gude-ætti.
Nie mødrar,
jøtun-møyar,
ved heimsens ende
odd-kulten[4] bar.

36.
Eg mangt deg segjer,
og meir eg hugsar;
visst ingin veit det,
vil du enn lenger?

37.
Gjalp honom bar,
Greip honom bar,
bar honom Eistla
og Øyrgjava,
honom bar Ulvrun
og Angøya,
Imd og Atla
og Jarnsaksa.

  1. Banebeig, daude-skade.
  2. Skobeitt, hardsett.
  3. Visekall, runekall.
  4. Odd-kult, ein som er namngjeten for odden sin, spjot eller sverd.