Side:Edda-kvæde, Gudekvæde.djvu/158

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest

150 Urdar-maanen*) spaar illt. Ein finn gamle danske galdrevers um maanen. Veksande maane gjev auk, fallande gjev mink ( neda-nok vil eg inkje heite"). Finn Magnusson ser ein maane-gud i Frøya (=tysk Sinhtgunt), han finn dei 4 maane stillingane (i eldre tid vonleg tri) i namni hennar: Mardoll, Horn, Gjevn, Syr; eller: Sjovn, Lovn, Vor, Syn. 6. Gudane held ting. Sml. Trymskv. 7. Idavollen tyder vollen der det vert arbeidt idugt og onnugt. S. Bugge held namne for en omdannelse af Eden". Horg og hov vert vanleg brukte um tempel for (gydjur og) gudar. Men slike tempel kom vonleg fyrst upp i tidi millom 800 og 1000. Fyrr vart det blota til gudane paa fjell, haugar, i lundar, ved tre og kjeldur og elvar. Ordi horg og håv finst i mange gardsnamn. Horg tyder vel ein steinhop eller fjelltopp, og hov gard eller hus, eller inngjerd offerplass. Naar Voluspaa talar um utgamle tidir, karm det inkje vera meint tempel til bloting; ordi maa helst tyde hus og gardar som gudane bygde aat seg sjølve til aa bu i. 8. Tun. Det er vel tanken at kvar gud hadde si serskilde stogu, men dei budde sam-tunes", dei hadde alle berre eitt tun. Tri tusse-møyar. Sume tenkjer paa jøtun-møyane som vart gifte med gudar: Skade (med Njørd), Gjerd (med Frøy), Jarnsaksa(med Tor), eller Angerboda (med Loke). Sjaa Hyndle- Ijod 30, 37, 40. Andre trur at det er meint dei tri nornine (Vavtr. 79), som vert umtala seinare. Daa er desse tenkte som hemngydjur, i likning med dei græske erinyar. Er det draape paa Yrne dei hev aa hemne? Den raadi legg dei daa, at gudane med st eigi framferd skal spille si magt litt um senn, og endeleg falle i ragnarok. Straks dei kjem, fell det ein myrk skugge yvir gudane. Leiken stilnar. Gulle misser glansen sin. 9—lo. Brime meiner dei er namn paa Yrne, som ogso er kalla Aurgjelme. Vavtrudnesmaal og Grimnesmaal fortel at jordi vart skapt av kroppen og sjøen av blode hans. Med Brimes blod og blaae (svarte) leggir er daa meint jord og vatn. Av jord skapte dvergane og nye livende, manna-skjepnw. Møyar hadde inkje dvergane. Sml. forteljingi hjaa Snorre um mannen Mokkurkaalve som jøtnane gjorde av leir. Sml. for teljingi i bibelen um at menneskja er skapt av jord. Det er folketru endaa, at haugefolk er menneskje av eldre skapning som vart nedstøytte. Denne trui styd seg paa ordi i bibelen: denne gong er det bein av mine bein og kjøt av mitt kjøt", og sluttar at det maa ha vori andre fyrr som inkje var dette. Pandora, fortel Hesiod, var laga av jord og vatn. 17. Ask og Embla (ask og alm). Snorre fortel at daa Bors sønir gjekk med sjøstrandi, fann dei tvo tre; dei tok upp tréi og skapte menneskje av deim. Den fyrste gav ande og liv, den andre vit og rørsle, den tridje bragd, maal, høyrsle og syn. Dei gav deim klæde og namn.

  • ) Paa Island kallar dei ein leid maane urSarmdni.