Side:Edda-kvæde, Gudekvæde.djvu/145

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest

137 C. tykkjest so aa yera grunnlage for A. Det er von til at den same mannen sidan hev bygt ut verke sitt, daa han hadde lært meir. Same emne og tankar, ofte ogso same ord og ordelag, finn me att i A. som i C. (Same ord i vers um venskap. Lina um øl hev vorti til mange vers. Same emne: varsemd, venskap og fiendskap, gjesting; C. um aa taka imot gjest, A. um den som sjølv er gjest.) C. tykkjest vera dikta til ein som bur fast, A til ein som sviv paa viddi. C. er meir trugi og einfengt, A. meir kringmælt og vidtenkt og eit heilrent kunstverk. Fem linur i Rigstula (42—43) svarar til fem vers i Haava maal (146, 148, 149, 152, 154). Innskot. 16. Ordtak: „ Alderen gløymer inkje mannen." 28. Meiningi er vel denne: Det gjeld um aa tala vitugt. Det som er uvislegt sagt kjem snøgt ut paa folketunga. 63. Ordtak: Den som inkje fregar og spør, han vert inkje klokare enn han var fyrr." B Det tri veit, veit alle." 73. Liksom tunge og hovud høyrer til same menneskje, og tunga likevel karm valde hovudet bane, spleis karm ein inkje vera trygg for felagen i same heren som ein er sjølv, anna ei svikhand karm koma fram or kufta der ein minst venta det. 74. Meiningi er ugreid. Kann-hende fyrste helvti er um ein som er ettersett paa sjøen, og den andre helvti um ein som forfylgjer. Sume tyder 3dje lina so: stutte er skipsromi, der ein skal sova. 78. Um Fitjungs sønir hev def vel vori segnir som me inkje kjenner. 81. Ordtak: Ein skal inkje rose dagen fyrr kvelden er komin." «Ein skal inkje rose isen fyrr ein er yvir komin." Ein skal inkje skreppe av øle udrukki." (Tel.) 83. Mijrke Sverd; myrke av rust. Ein karm lett verte narra, naar ein kjøper sverd som er for blanke. Innskott er vel komne litt etter kvart, lause stev, mange bygde paa ordtak, og som hev svivi einslungne, til dess ein samlar hev funni ein krok han kunde smette deim inn i songen paa og hekte deim attaat eitkvart. Sameleis hev det i Draumkvæde sprengt seg inn mange stev og visestubbar. Stor likskap finn ein millom sume vers i Haayamaal og frødestev i Litauen. Dei fortel at det ei tid var ein gamall mann i Litauen som het Ismintas (vit). Han lærde folk aa skjote med boge og fortalde um all gude-visdom. Han lærde soleis: Ros dagen um kvelden, kvinna naar ho er daud, sverde naar du hev brukt det, gjenta di morgonen etter brudlaupe." (Sml. Haavamaal 81, I—4).