Side:Edda-kvæde, Gudekvæde.djvu/128

Fra Wikikilden
Hopp til navigering Hopp til søk
Denne siden er korrekturlest



148.
Det tridje kann eg,
om turvast kann
mot fiendar rame raadir
eggjar eg døyver
for uvenir mine,
saa det bit korkje vaapen eller velur.

149.
Det fjorde kan eg,
um folk meg vil
leggje band um lemer:
so eg galdrar
at gange eg kann,
fjetrune spring meg av fot
og av hendar hapt.

150.
Det femte eg kann,
ser eg fiends pil skoti
fram gjenom her haste:
eg stoggar ho nok,
kor sterkt ho enn flyg,
saa sant eg med syni naar ho.

151.
Det sétte eg kann,
skader meg einkvar
med runir paa frisk rot skorne,
den som upp til argskap
eggje meg vil,
mein fær han meir enn eg.

152.
Det sjuande kan eg,
um salen eg ser
loga om sovande sellar:
kor breidt det so brenn,
eg bergar halli,
den galder kan eg gala.

153.
Det aattande kan eg,
som for alle mun vera
nyttelegt aa nemne:
um hat veks opp
mellom hovding-sønir,
det kan eg bøte braatt.

154.
Det niande kan eg,
naar naud stend paa,
aa berge baaten paa hav.
Vinden eg daa
paa vaagen stiller
og svæver sjøen all.

155.
Det tiande kann eg,
um tuntroll eg ser
i lufti leike fram:
eg saa det vender
at ville dei fer
heim utan hamar,
heim utan hugar.

156.
Det ellevte kan eg,
naar ut i strid
eg lang-venir[1] skal leie:
under skjoldrand gjel eg,
daa gjeng dei veldugt
striden heile til,
striden heile fraa,
heile dei heim att kjem.

  1. Lang-venir, gamle venir.